Tittel: Eg kom for å elske
Forfattar: Brynjulf Jung Tjønn
Forlag: Det Norske Samlaget
Utgjevelsesår: 2002
Terningkast: 3Boka er ein roman skreve i 2002, og handlar om ei lita jente.
Den fortel om livet hennar, og om det å miste nokon. Jenta har det vanskeleg og føler at alle prøver å flykte fra ho.
Faren har forlet ho, broren hennar døyr og bestevenninna hennar, Oda, flyttar. Mora slit med seg sjølv og et nesten ikkje, jenta er redd for at mora også skal døy snart. Jenta oppdagar seg sjølv gjennom negative og positive hendingar i livet, og merkar kva eit brote familieliv førar med seg. Kor vondt det faktisk kan vere.
Eg kom for å elske er ei spesiell bok. Den er ikkje slik som andre bokar pleier å vere, og har verkeleg eit særpreg. Men slik den er skreve synast eg det er vanskeleg å få med seg handlingane i boka. Det hoppes mykje frem og tilbake i tid. Teksta er skreve på ein poetisk måte, som kan vere vanskeleg å lese og forstå. Han skriv ikkje akkurat det han meinar å få frem, men formulerar seg på ein anna måte og brukar andre ord og uttrykk for å fortelje handlinga.
Eg synast boka kunne vere vanskeleg å forstå. Det var ei grei handling, men eg synast det var skreve på ein trøblete måte. Eg vil ikkje anbefale å lese denne boka viss du ikkje er glad i setningar som er skreve på ein poetisk måte.


Eg syns bokanmeldinga di var godt skrevet, og handlinga fortel du på ein grei og enkel måte. Det er derfor lett å skjønne kva den handlar om. Du har og fått fram kva du meine om boka. Eg er einig i at den høyres tung ut å lese!
SvarSlettGenerelt bra, Julyyy!
God bokmelding. Du har gode utgreingar på kva du synest er vanskeleg og kva som er bra. Du har klart å gå inn i teksten, bra.
SvarSlett